Egoscue - funksjonell trening

Egoscue

Egoscue metoden er fysiske øvingar som ein kan finne igjen i yogatradisjonen, pilates og mange andre treningformer alt frå husmorgymnastikk til treningsopplegg for profesjonelle idrettsutøvarar. Det unike med denne metoden er måten øvelsane blir gjort på og satt saman.

Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til at kroppen vår ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Det betyr at vi brukar høgre og venstre side av kroppen ulikt. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og for stor belastning på musklar og skjelett. Ein kan sei at vi utviklar dysfunksjonar.

Egoscue øvingane vil over tid gje:

  • Redusert spenningar i muskulaturen
  • Meir aktivitet i tidligare «passiv» muskulatur
  • Smørjing av ledda
  • Etterkvart vil kroppen vende tilbake til ei god holdning og musklane jobbar meir på lag
  • Mindre smerter i kroppen

Kurset er for alle!

På dette kurset vil du få jobbe med eit middels krevande program, men det betyr ikkje at du treng å vere trent og i god form. Du treng heller ikkje ha gått på yogakurs. Vi kjem til å jobbe med det same programmet kvar gong, men det blir nokre variasjonar og også nye øvingar. Timen vert avslutta med ei avspenning på ca 10 min.

yogaskolen i Bergen

Yogaskolen i Bergen, Georgernes Verft 12, 4. etasje. Gå inn inngang E. Parkering mot betaling på byggets sørside.

Se detaljert informasjon om hvor vi holder til og hvordan du kommer til oss:

Kurs i Egoscue trening i Bergen på USF Verftet:

Drop-in Egoscue trening på Ask kurssenter:

Kontakt:

Georgernes Verft 12
5011 Bergen
bergen@stillhet.no
+47 56 15 15 00