Egoscue trening – drop-in på Ask kurssenter

kr 150,00

Drop-in Egoscue med Audhild – fredag 25. mai kl 17-18. Badstue for interesserte etterpå kl 18-19, kr. 20.

 

Varenummer: DROP-IN-E1 Kategorier: ,

Beskrivelse

Drop-in Egoscue – fredag 25. mai kl 17-18 m/ Audhild.
Pris kr. 150. Badstue for interesserte etterpå kl 18-19, kr. 20.

Egoscue – funksjonell trening

Egoscue metoden er fysiske øvingar som ein kan finne igjen i yogatradisjonen, pilates og mange andre treningformer alt frå husmorgymnastikk til treningsopplegg for profesjonelle idrettsutøvarar. Det unike med denne metoden er måten øvelsane blir gjort på og satt saman.

Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til at kroppen vår ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Det betyr at vi brukar høgre og venstre side av kroppen ulikt. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og for stor belastning på musklar og skjelett. Ein kan sei at vi utviklar dysfunksjonar.

Egoscue øvingane vil over tid gje:

  • Redusert spenningar i muskulaturen
  • Meir aktivitet i tidligare «passiv» muskulatur
  • Smørjing av ledda
  • Etterkvart vil kroppen vende tilbake til ei god holdning og musklane jobbar meir på lag
  • Mindre smerter i kroppen

Kurset er for alle!

På dette kurset vil vi jobbe med dei lette begynner øvingane i denne metoden. Det betyr at du ikkje treng å vere trent og i god form. Du treng heller ikkje ha gått på yogakurs. Vi kjem til å jobbe med det same programmet kvar gong, men også nokre smakebitar på dei meir krevande Egosque øvingane. Timen vert avslutta nokre gode yogastillingar, pusteteknikkar eller avspenning, alt etter kor mykje tid vi har til det.

Du liker kanskje også…