Yoga styrketrening – onsdag kl 19-20.30 – start 4. mars

kr 1.600,00

Yoga styrketrening, start onsdag 4. mars kl 19-20.30. Kurset går 6 ganger. Viss du er elev / student angi Student i rabattfeltet (eller senior hvis du er pensjonist) når du kjem til kassen og du får 20% rabatt på kurset. Kurset slutter 15. april. Lærer: Audhild. I det tidsrommet du går på kurs hos oss har du tilgang til biblioteket vårt med videoar med undervisning i klassisk yoga og meditasjon – tilsvarande kurset du går på. På den måten er det lett å ta igjen timer du har mista.

Utsolgt

Produktnummer: 20261124 Kategorier: , , , ,

Yoga styrketrening

Yoga har vore ein del av kvardagen og livet mitt sidan det første kurset eg tok i 1986. Det er lenge sidan og eg har blitt eldre og kjent eit behov for å ha meir styrketrening inn i praksisen. For ca 20 år sidan tok eg ei utdanning i Egoscuemetoden (biomekanisk trening) som var heilt etter min smak - roleg funksjonell styrketrening. Kondisjonstrening gjer eg helst med turar i skogen og fjellet.

På dette kurset vever eg styrkeøvelsane inn i yogaprogrammet. Du vil få jobbe med lette og middels krevande program, med øvelsar henta frå yogatradisjonen, egoscue og funksjonell trening. Timen begynner med dynamiske øvelsar for å varme og mjuke opp ledd og muskulatur. Deretter blir det ei økt med styrketrening. Det blir lagt vekt på at øvelsane blir utført roleg og presist. Vi har over 600 musklar i kroppen og i denne timen vil mange musklar som kanskje er lite brukt i kvardagen, bli aktivert. Timen blir avslutta med tøyestillingar, pusteteknikkar og ei avspenning. Kurset er ope både for deg som er nybegynner og for deg som har erfaring med yoga.

Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til at kroppen vår ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Det betyr at vi brukar høgre og venstre side av kroppen ulikt. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og belastning på musklar og skjelett.

Tilgang til våre kvalitetsvideoar

I det tidsrommet du går på kurs hos oss har du tilgang til biblioteket vårt med videoar med undervisning i klassisk yoga og meditasjon - tilsvarande kurset du går på. På den måten er det lett å ta igjen timar du har mista.