Yoga for gravide

Lesson description

Sommerfugl

Velkomen til dette online kurset med yoga for gravide.

Då vi måtte stenge ned pga korona i mars 2020, laga eg undervisninga på video slik at dei som gjekk på kurs fekk fullført kurset på den måten. Desse videoane tilsvarer den undervisninga eg/vi har hatt på våre kurs for gravide i mange år.

NB! Når du følger desse videoane, er det viktig at du lytter til kroppen din og gjer dei øvelsane som du kjenner at du klarer. Viss øvelsane gir vonde smerter, så modererer du øvelsen eller hopper over den. Når du tøyer i ei yogastilling vil det vere ein viss grad av smerte, men det skal vere ei "god" smerte og ikkje vondt  - vondt. Viss det er noko du er usikker på, gjerne ring til meg på 95726168 eller send ein epost til audhild@stillhet.no.

Kurset har ein gjevn progresjon og ein del øvelsar blir gjenteke fleire gonger i løpet av kurset. Start med å bruke videoane i nummerert rekkefølge. Ta deg tid til å høyre introduksjonane første gangen. Seinare kan du hoppe over introduksjonane. Videoane er laga slik at du lett kan hoppe vidare til neste seksjon. Klikk på dei tre vassrette strekane nede til høgre i videobildet.

Ein yogatime på kurs varer ca 1 time og 30 min og desse videoane er derfor ganske lange. Det er bra viss du tar deg tid til å gjere heile programmet, men du kan fint gjere deler av videoen og få eit godt yogaprogram. Sjå forslag eg har satt opp til kvar video.

I løpet av kurset blir ulike temaer tatt opp som smerte, pust, avspenning, fødestillingar og trening av bekkenbunnen. På den siste videoen blir heile fødselsforløpet gjennomgått med veiledning i korleis du kan bruke det du har lært som nyttige verktøy under fødselen.

Yoga er en behagelig måte å trene kroppen sin på når du er gravid, men yoga er meir enn det. På våre kurs lærer du også korleisdu kan bruke yogastillingar til å øve deg på å oppleve smerte på en god måte. Du lærer korleis pusten hjelper deg til å være avspent og du lærer ein god pusteteknikk du kan bruke under fødselen. Kurset er eit forløp med progresjon. Vi starter med enkle øvelser som er nyttige for gravide. Yoga styrker og mjuker opp kroppen. Øvelsane løyser på ein varsom måte opp for unødvendige spenningar. Velvere er noko av det første ein kjenner som ein verknad av yoga. Nokre yogaprogram er meir krevande og nyttige med tanke på å kome i god form til fødselen.

Yoga for gravide - 3. gang

Trening av bekkenbunnen, dynamisk program og to gode tøyestillingar, meditativ pust og avspenning.

Instruksjon: Audhild | Elev: Hanne | Varighet: 1 time og 37 minutter

Introduksjon og innlæring av knipeøvelser for bekkenbunnen, soløvelsen, tre øvelsar for ryggen og to tøyestillingarfor ryggen og setemuskulaturen, meditativ pust og avspenning. Nede i høgre hjørne på videobildet finn du kapittelinndeling ved å klikke på dei tre vassrette strekane. På den måten kan du lett hoppe fram eller tilbake i videoen og variere eller lage kortare program. Nedanfor finn du forslag til to kortare program med enkle stikkord til øvelsane.
Program A
2. Knipeøvelsar
3. Soløvelsen
7. Universalstillig - vridning av ryggen
8. Lotusfrø - tøying av setemuskulaturen
9. Meditativ pust og / eller
10. Avspenning

Program B
Start med å ligge på ryggen eller sida i 3-5 min og opplev den spontane pusten
3. Soløvesen
4. Trekanstilling
5. Pisken
6. Skulderstilling
8. Lotusfrø
9. Meditativ pust og / eller
10. Avspenning

• 01:37:09
• 0%