Yoga styrketrening
Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til at kroppen vår ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Det betyr at vi brukar høgre og venstre side av kroppen ulikt. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og belastning på musklar og skjelett.På dette kurset vil du få jobbe med lette og middels krevande program, med øvelsar henta frå yogatradisjonen, egoscue og funksjonell trening. Timen begynner med dynamiske øvelsar for å varme og mjuke opp ledd og muskulatur. Deretter blir det ei økt med styrketrening. Det blir lagt vekt på at øvelsane blir utført roleg og presist. Vi har over 600 musklar i kroppen og i denne timen vil mange musklar som kanskje er lite brukt i kvardagen, bli aktivert. Timen blir avslutta med tøyestillingar, pusteteknikkar og ei avspenning. Kurset er ope både for deg som er nybegynner og for deg som har erfaring med yoga.
Se detaljert informasjon om hvor vi holder til og hvordan du kommer til oss:
Nyhetsbrev
Få nyheter fra Yogaskolen i Bergen og Ask kurssenter direkte i din innboks
Kontakt:
Strandgaten 201
5004 Bergen
bjarke@stillhet.no
+47 56 15 15 00
