Egoscue - funksjonell trening

Egoscue

Egoscue metoden er fysiske øvingar som ein kan finne igjen i yogatradisjonen, pilates og mange andre treningformer alt frå husmorgymnastikk til treningsopplegg for profesjonelle idrettsutøvarar. Programma vi skal jobbe med er nøye satt saman slik at du får jobba med og trent heile kroppen. Det blir ei blanding av styrkeøvelsar, bevegelsar for leddene og tøyeøvelsar. Øvelsane blir gjort roleg og presist for å oppnå den effekta øvelsen er meint å ha. Det blir maksimum åtte deltakere slik at eg som instruktør, kan sjå, rettleie og korrigere alle.

Egoscuemetoden er meir enn trening. Formålet med øvesane er å rette opp og korrigere feilstillingar og lære kroppen å bevege seg mest mogeleg funksjonelt. Dei fleste av oss har ein kropp som ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Den eine skuldra kan vere høgare oppe enn den andre, kanskje smerter i det eine kneet … for å nevne nokre eksembel på usymmetri i kroppen. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og for stor belastning på musklar og skjelett.

Egoscue metoden kan bli brukt i gruppetrening eller du kan få personleg tilpassa program av ein Egoscue-terapeut. I Bergen kan du får dette hos Funksjon i fokus som held til i Åsane – www.funksjonifokus.no

På dette kurset er det gruppetrening og du kan over tid oppnå dette:

  • Redusert spenningar i muskulaturen
  • Meir aktivitet i tidligare «passiv» muskulatur
  • Generelt meir styrke
  • Smørjing av ledda og større bevegeligheit
  • Etterkvart vil kroppen vende tilbake til ei betre holdning og musklane jobbar meir på lag
  • Mindre smerter i kroppenPå dette kurset vil vi jobbe med både lette begynner øvingane og etterkvart tyngre og meir krevande. Det betyr at du ikkje treng å vere trent og i god form. Du treng heller ikkje ha gått på yogakurs. Timen vert avslutta nokre tøyestillingar og ei avspenning.

Se detaljert informasjon om hvor vi holder til og hvordan du kommer til oss:

Nyhetsbrev

Få nyheter fra Yogaskolen i Bergen og Ask kurssenter direkte i din innboks

Angi hvem du ønsker nyhetsbrev fra: